Ny dagleg leiar

Bente Marie Sjo har vore tilsett som marknadsansvarleg i Zenit Engineering sidan i fjor haust. I denne perioden har ho opparbeidd seg kjennskap til bransjen og relasjonar til tidlegare, eksisterande og nye kundar. Ho har jobba med marknadsføringa og deltek på tilstellingar i regionen der det er både interessante kundar og moglegheiter for å rekruttera kompetanse til verksemda.
Etter oppmoding frå styret vil ho no også overta ansvaret som dagleg leiar i Zenit Engineering.

Stadig utvikling i Zenit Engineering
Sivilingeniør Kai Esten Dale har vore dagleg leiar i Zenit Engineering i to år. I tillegg til arbeidsoppgåvene som dagleg leiar, har han også innan sine arbeidsfelt utført mange oppgåver for kundar. Sivilingeniørkompetanse er ei etterspurd "vare", og oppdragsmengda innan konstruksjon, berekning og prosjektleiing har heile tida vore aukande. For i større grad kunne tilby kundane våre assistanse innan desse felta, vil Kai no arbeida som sivilingeniør på full tid.



Nyhende

Zenit saman med Fonna Contracting på OTD

19. og 20. oktober deltok me på OTD i Bergen saman med resten av Fonna Contracting! Godt besøk på standen og møter me...
Les meir

Det gjeld å posisjonera seg i ein uroleg marknad. I Kvinnherad, Odda og Jondal regionen har ti bedrifter danna samarb...
Les meir