Siste nytt


Vi har fått avdelingskontor i Bergen


Vi har opna avdelingskontor i Bergen og er no samlokalisert med BKS på Laksevåg. Her sit sivilingeiniør i maskindesign, Amund Henriksen som i tillegg er sertifisert innan  IWE sveiseteknikk.


BKS Industri AS er blitt hovudaksjonær i Zenit Engineering AS

BKS Industri As har kjøpt opp 83 % av aksjane i Zenit Engineering

BKS Industri AS er ein stor leverandør av tenester og produkt til skips-, prosess-, kraft- offshore- og havbruksnæringa og opplever for tida sterk vekst innan for sine satsingsområde og har hatt auka behov for ingeniørkapasitet.
Zenit Engineering med sin sivil- og ingeniørkompetanse viktige element i utviklinga for BKS Industri AS.

BKS Industri AS leverer mellom anna innan marknader som landindustri, offshore, maritim, oppdrettsnæring og bygg og anlegg.

Zenit Engineering AS vil yta same gode jobben for eksisterande, og nye kundar framover.

De kan også lesa saka i Kvinnheringen
https://www.kvinnheringen.no/bedrifter/bks/narings...

Zenit Engineering ekspanderer i Odda

Jørn Eirik Olsen, Eirik Spilde, Petter Ottesen og Amund Henriksen representerer Zenit Engineering sitt avdelingskontor i Odda. 

Med nærleik til kundar og fagmiljø finn de oss 1. etg hjå Odda Technology på Eitrheim, i Holmavegen 29.

Jørn Eirik er sivilingeniør mekanisk med doktorgrad innan materialvitenskap, Eirik er sivilingeniør maskinteknikk, Petter er sivilingeniør materialteknologi og Amund er sivilingeniør maskin/mekanisk design og sertifisert sveiseingeniør IWE.

Vi tek på oss små og store oppdrag frå kontora våre i Odda og Husnes