🎉 25 år som leverandør av ingeniørtenester! 🎉
I 2025 feirer Zenit Engineering 25 år som leverandør av ingeniørtenester i Sunnhordland, Ullensvang og Vestland. 25 år med kunden i fokus.
Zenit Engineering vart etablert i år 2000 som eit lite, sjølvstendig konsulentfirma innan skips- og maskinteknikk, og det har vore målet heile vegen å samle og tilby best mogleg kompetanse til kundane våre. Våre ingeniørar er aktive bidragsytarar til utvikling av nye teknologiske løysingar og forbetringar av eksisterande system.
Med erfaring frå smelteverk, skipsverft, maritimt, havbruk, vannkraft, fornybart, offshore, olje og gass og generelt mekanisk industri leverer vi skreddarsydde løysingar av høg kvalitet - tilpassa kunden sine behov.
Ein spesiell takk går til Odd Hallstein Ystanes - tilsett nr. 1! Odd Hallstein har vore med heilt sidan starten, og som senioringeniør med brei erfaring har han heile vegen vore ein nøkkelperson for Zenit og fortset å vere det den dag i dag.
Tusen takk til alle kundane våre, samarbeidspartnerar og ikkje minst tilsette som har vore ein del av dei siste 25 åra - vi ser fram til mange fleire år med spennande prosjekt, utvikling og samarbeid. 🚀🛠️